Global Chic











Eit av mine nyttårsforsett burde vere å oppdatere denne bloggen litt oftare. Eg begynner sterkt med å slenge meg på NIB utfordring for januar. Stikkordet er "Global Chic". Eg er stor fan av etniske trenden vi ser meir og meir av. Litt etter litt snik det seg inn detaljar i interiøret med etnisk preg. Forgylte bokryggar, ein morokansks puff og eit irakisk putetrekk. Eg syns det passar fint inn ilag med "naturtemaet" som har prega spesiellt stova lenge. Pels, trepallar, ull og flettverk er fortsatt ting eg har sansen for og kjem til å beholde litt til. Og eg syns det passar fint ilag med den nye fargepaletten. Den har fortsatt grått som grunnfarge, men det vert meir og meir av fargar som gult, oker og brente oransje og brune fargar. Dei neste planane for stova vår er å bytte ut IKEA bilete av New York med eit eg har teke sjølv.

Foto: Privat

Jobb



Desember har bestått mykje av jobbing. Mest "vanleg" jobbing, men og litt interiørrelatert jobbing. Det er det aller kjekkaste, og eg skulle ønske kvar arbeidsdag såg slik ut. Meg om mine tusjvennar og ein kopp med te. Perfekt.

Foto: Privat

Soveromsinspo











Akkurat no er eg inne i ein stille periode kva interiør angår. Eg går vel egentleg berre og ventar på at ein kan finne fram litt adventspynt og ha i huset. Haust er eg liksom ferdig med, men det er enno litt vel tidleg å dra fram adventsstjerner og lilla kubbelys. Derfor finn eg inspirasjon til andre ting. Desse fine soveromsbilda fann eg på NIB-bloggen, men då eg satt og redigerte dei litt i Photoshop oppdaga eg at samtlege rom har ein kvist, ei grein eller ein pinne som eit innslag og dekor. Enten som ein bruksgjenstand eller til pynt. Så no vil eg gjerne ha ein slik pinne til å henge ei lyslenke i, eller ei slik stjerne av pinnar til å ha på ytterdøra mi i adventstida. Det er vel ikkje for tidleg å begynne å lage advents- og julepynt vel?

Foto: NiB

Årets julegåve

Eg bytter gjerne ut alle mine sofaputer mot desse. Så her er det berre å handle inn i julegåve til meg. Eg elsker alle! Du kan finne dei HER!

Og når vi er inne på designerstolar så brukte eg eit par gode timar på House of Oslo og sikla på designmøblar i helga. No må eg berre overtale min mann om at det er vel anvendte bryllaupspengar?

Eg er ikkje så flink til å oppdatere denne bloggen, men dei som vil kan følge min litt meir personlege blogg her.

Foto: Ideas to steal

Inspirasjon

Minimalistisk















Minimalisme. Nesten på grensa til dørgande kjedeleg, men alikevel gjer bruken av materialer og enkelheita i seg sjølv det utruleg spennande. Lys og skugge skapar liv og eksteriøret er heilt fantastisk! Eg får utruleg lyst til å bygge meg eit nytt hus av slike fine bilder, men det er ikkje aktuellt, og sikkert like greit - eg hadde aldri klart å bestemme meg for noke om eg kunne velge mellom "alt". Begrensningar er ikkje alltid ein dum ting.

Røft













Eg likar slike enkle, råe og røffe interiør. Men eg får det aldri til i praksis. Nips og pyntepute elskaren i meg tillet det ikkje. ;) Kombinasjonen med mørkbeisa panelvegg med kvit tak på første bilete er skikkeleg kul, den får havne i inspirasjonsmappa.

Foto: ELLE interiør

Mokaiikasse



Under det store salget på Mokaii, nytta eg sjansen til å ta for meg av inventaret. Denne kassa var ein av dei tinga som vart med meg heim. Den er eg så glad for. Det einaste problemet er vel å velge korleis eg skal bruke den. Eg hallar mest for den øverste løysinga med ein kombinasjon av blomsterkasse og oppbevaring. Kanskje skal eg til og med feste nokre hjul på. Hjul likar vi.

Foto: Privat

Soveromsinspirasjon





No er det ikkje så lenge sia eg pussa opp soverommet vårt, men skulle eg ha ein plan om å pusse opp eit soverom skulle det blitt omtrent slik. Ein mørk grått/gråblått farge på veggane med detaljar i lyst tre og knallgult/varmgult. Fint er det.

Hekle DIY

Eit forslag til eit aldri så lite DIY prosjekt til ein regnfyllt haustkveld kanskje? Ideen er fin, men eg er litt meir usikker på kvar eg skulle plassert dei. Men mange ilag gjer dei seg kanskje fint aleine?

Les mer i arkivet » Januar 2012 » Desember 2011 » November 2011
hits